Markering av verdens lærerdag

Lærarar byggjer samfunn – Markering av lærarutdanninga 200 år i Noreg og Verdas lærardag
I 2026 er det 200 år sidan etableringa av den første lærarutdanninga i Noreg. Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk inviterer studentar, tilsette, lærarar, samarbeidspartnarar og andre interesserte til ei feiring av lærarprofesjonen si historie, samtid og framtid. Samtidig markerer vi òg Verdas lærardag!
Denne ettermiddagen set vi søkelyset på korleis lærarrolla har utvikla seg gjennom to hundre år, og kva utfordringar og moglegheiter som pregar barnehage, skule og lærarutdanning i dag.
Program
Velkomst og historisk perspektiv
Ein introduksjon til 200-årsjubileet for norsk lærarutdanning, med tilbakeblikk på starten i 1826 og utviklinga fram til dagens lærarutdanningar v/Siw Skrøvset, dosent og instituttleiar ved lærarutdanninga ved UIT.
Hamar lærarseminarium: vår historie
Eit kort, lokalt historisk blikk på lærarutdanninga på Hamar v/Gunhild Tomter Alstad, dekan ved Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk ved INN.
Musikkinnslag
Panelsamtale: Lærarrolla og lærarutdanninga i dag
Representantar frå utdanningssektoren, arbeidslivet og studentane møtest til samtale om lærarprofesjonen, forventningar til framtidas lærarar og lærarutdanningas rolle i samfunnet. Leia av Odd Rune Stalheim, prodekan utdanning, Fakultet for lærerutdanning og pedagogikk, INN.
Kake og uformell mingling
Feiringa blir avrunda med jubileumskake, mingling og utstillingar/aktivitetar i foajeen. Her kan du oppleve ulike innslag som synleggjer 200 år med lærarutdanning og gir eit glimt inn i dagens og morgondagens lærarutdanning. Det vil og vere høve til å besøke Teknologirikt læringsverksted og Haugesamlinga.
Velkommen til ei feiring og markering av lærarane og lærarutdanninga!
Telefon: 92629354
Nettside: https://www.inn.no/arrangementer/verdens-lererdag-2026/index.html